Ledig stilling som sjåførar og sommervikarar

BIR Voss Hardanger ser etter miljøengasjerte vikarar til å bistå med samfunnsnødvendige oppdrag. 

Dersom du er arbeidssøkande, deltidsarbeidande, delvis arbeidsfør, på oljeturnus eller øver deg på pensjonisttilvære, og tenker at dette kan være noko for deg, av og til, - ta gjerne kontakt!

Sjåførar må ha førarkort klasse C og godkjent YSK. Du må meistre norsk skriftleg og munnleg.

For våre medarbeidere er serviceinnstilling og evne til godt samarbeid viktige eigenskapar. Opplæring vert gjeve.

Arbeidsstad er Bjørkemoen 60.

Ledige stillingar:

1.Sjåfør klasse C i vikariat.

Me har ledig  ein 100% stilling som sjåfør kl C, vikariat ut 2024 på komprimatorbil. Tilsetting snarast eller etter avtale.

Arbeidstid iht arbeidsplan med gjennomsnittsberekning av arbeidstid. Muligheter for forlenging eller fast tilsetting for den rette.

Du må ha førarkort klasse C og godkjent YSK. Du må meistre norsk skriftleg og munnleg. Du er påliteleg og ein god kollega som tek ansvar. For våre sjåførar er serviceinnstilling og evne til godt samarbeid viktige eigenskapar. 

Lønn iht tariff/Bedriftsavtalen. Pensjons- og forsikringsordningar.

2.Sjåførar klasse C, sommar- og tilkallingsvikarar.

3.Sidemann på komprimatorbil, sommar- og tilkallingsvikarar.

Søknadsfrist: 15.02.2024, men vi intervjuar fortløpande.

Ta kontakt med Transportleiar Arne Saue på 908 83 644 dersom du har spørsmål til stillingane.

Kortfatta søknad med CV og referansar sender du snarast via Finn.no eller på epost til birvh at bir.no. Merk kva stilling du søkjer på.

 

Om arbeidsgiveren

BIR, vestlendingane si eiga miljøbedrift, er eit av Noregs største renovasjonsselskap, eigd av elleve kommunar: Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Kvam, Osterøy, Samnanger, Ulvik, Vaksdal, Øygarden og Voss. BIR har hovudkontor sentralt i Bergen.

BIR ønskjer å utvikla avfallsbransjen i ein meir sirkulær og berekraftig retning og utnytta ressursane i avfallet betre. BIR er organisert som eit konsern og har ansvar for avfallet gjennom heile verdikjeda. Me ønskjer medarbeidarar som kjenner seg igjen i BIR sine kjerneverdiar: superpålitelig, miljøpådrivar, imøtekommande og lagspelar.

BIR har medarbeidarar med ulik fagkompetanse, fagkombinasjon, livserfaringar og perspektiv. Alle kvalifiserte kandidatar blir oppmoda til å søkja jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.

Saman for ei god sak!

Søknadsfrist 15.02.2024

Du søkjer ved å trykke på lenke BIR Voss Hardanger søkjer sjåførar og sommervikarer | FINN.no

 

 

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss