Nytt for 2025:
* Avfallsdunkar skal setjast fram til hentestad tømmedag innan kl 06.00
* Det er ikkje lenger anledning å setja laus papp attmed papirdunken. Med det våte vestlandsværet som me har, opplever renovatørane ofte at pappen som er satt ut er våt. Pappen er då vorten restavfall og skal ikkje takast med i bilen. Du kan tinga deg større papirdunk utan ekstra kostnad eller du kan levere gratis til din næraste gjenvinningsstasjon.
* Frå 01.01.2025 har kommunane/herada ansvar for å tilby innsamling av tekstilavfall som ikkje er eigna for gjenbruk. Kva inneber dette for deg, og korleis skal tekstil sorterast? For meir informasjon Tekstilar, tøy og sko - BIR Voss Hardanger
* Hageavfall er ikkje lenger gratis å levere. Pris pr kubikk. Sjå prisliste Prisar, levering av sortert avfall - BIR Voss Hardanger
* På faktura for renovasjonsavgift vil det frå 2025 kome eit eige påslag "kommunalt påslag etterdrift deponi" med kr 156,25 som vert fordelt på to terminar (vår og haust).
Etter forskrift om deponering av avfall er det krav om vedlikehald, overvåking og kontroll i etterdriftsfasen (minst 30 år). I aksjekjøpsavtalen mellom BIR og tidlegare eigarkommunar i Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM), no BIR Voss Hardanger (BIRVH), er det lagt til grunn at denne forpliktelsen ligg på eigarkommunane utover avsatte fondsmidlar i BIRVH. I praksis vil innbyggarane dekke kostnadane gjennom eige påslag på renovasjonsgebyret på lik linje med andre deltakarkommunar i BIR- samarbeidet, og eigarkommunane for del av deponi som ikkje kan tilskrivast hushaldningsavfall.
* Frå 01.01.2025 vil høgste sats for hytterenovasjon (hytter over 120 m2) bli fjerna. Dette er vedtatt i Voss herad, Ulvik herad og Eidfjord kommune etter innspel frå BIR Voss Hardanger. Det vil frå 01.01.2025 vera tre gebyrklassar for hytterenovasjon. Fritidsbustad gebyrklasse 1, 2 og 3. Du kan lese meir om hytterenovasjon og prisar slik Renovasjonstenester for hytter og fritidsbustader - BIR Voss Hardanger Hytterenovasjon er under sjølvkost og inntekta for differansen for høgste gebyrklasse (over 120 m2) må fordelast på dei tre andre gebyrklassane. Det vert difor eit ekstra påslag på kr 70,92 inkl mva pr år (Sjølvkost er den totale kostnaden som er nødvendig for å produsere ei teneste. Sjølvkostprinsippet inneber at inntekta frå gebyret for ei teneste ikkje skal overstiga kostnadane ved å produsere tenesta)