Featured

Tekstilar, tøy og sko

Tekstil

Frå 01.01.2025 har kommunane/herada ansvar for å tilby innsamling av tekstilavfall som ikkje er eigna for gjenbruk. Kva inneber dette for deg, og korleis skal tekstil sorterast? Her vil du finne svar på dei mest vanlege spørsmål rundt den nye ordninga.

Det finnes  ingen gode nok teknologiske løysningar til å få på plass ei bærekraftig resirkulering av klesavfall i stor skala. Målet bør derfor vera at mest mulig tekstil går til gjenbruk framføre materialgjenvinning, men det aller viktigaste er å redusere forbruket. Å kjøpe færre tekstil har ein langt større positiv miljøeffekt enn både gjenbruk og materialgjevninning, då det reduserer ressursbruk og miljøbelastning aller mest. 

Kvar skal ein levere øydelagte tekstil?
På alle våre gjenvinningsstasjonar i BIR kan du levera øydelagte tekstil i eigen behaldar. Klær,sko og tekstil i god stand skal forsatt leverast til gjenbruk, for eksempel til gjenbruksbutikk eller innsamlingscontainere (Som t.d Fretex) 
 
Kva vert rekna som øydelagt tekstil?
Tekstil som er utslitt, holete eller har flekkar som ikkje går vekk i vask, vert rekna som tekstilavfall. Dersom plagget kun manglar ein knapp, har ein liten flekk eller kan reparerast, oppfordrar me til å levere plagget til gjenbruk, så lenge plagget er reint, heilt og tørt.
 
Er det nokon tekstil som skal i restavfallet? 
Ja, tekstil som er fuktige, mugne eller tilgrisa med maling eller olje, skal forsatt kastast som restavfall. 

Kva med øydelagte sko – kan dei leverast  i den nye innsamlinga?
Nei, øydelagte sko skal kastast som restavfall.

Kan eg fortsatt kaste sokkar med hol  i restavfallet heime?
Det er ikkje ulovleg å kaste tekstilavfall i restavfall, men det er sjølvsagt eit ynskje om at hushaldningene tar i bruk etablerte løysninger. Det er opp til hushaldningane kor mykje dei ynskjer  å sortere, men me anbefalar å sortere mest mogleg  for å redusere restavfallsmengda og auke  materialgjenvinninga. 

Kva  er hensikta med den nye tekstilordningen?
Målet er å auke  gjenvinninga av tekstil, i tråd med EU sine  krav, for å spare ressursar og redusere miljøbelastninga.

Er alt tekstilavfall lett å gjenvinne?
Nei, enkelte materiale er vanskeleg  å resirkulere på grunn av stoffet sin  kvalitet eller samansetning. Likevel bidreg  systematisk innsamling til at tekstila  kan vurderast  og brukast  på best mogleg  måte.

Koster det noko  å levere tekstilavfall?
Ja, øydelagte tekstil skal  leverast  på lik linje med anna avfall til dei fastsatte prisane på gjenvinningsstasjonane. 

Hugs å sortere dei øydelagte tekstila for seg når du leverer. Ta gjerne kontakt med kundeveiledar på gjenvinningsstasjonen  for veiledning om rett  levering. 

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss