Featured

Deponiavgift frå 01.01.2025

Kommunalt gebyr  for etterdrift av deponi, Bjørkemoen

Frå 01.01.2025 vil det kome eit eige påslag på faktura for renovasjon «kommunalt påslag etterdrift deponi» med kr 156,25 inkl mva pr bueining pr år. Avgifta gjeld for dei som er omfatta av den lovpålagte avfallshandteringa for hushaldningsavfall  jmf Forureingslova §34. Dette omfattar privathushald og hytter/fritidsbustader.

IHM fekk i 1995 løyve til å drifta deponi på Bjørkemoen, i hovudsak tiltenkt deponering av hushaldsavfall som vart lagt på deponi frå våre eigarkommunar fram til 2009. Deponiet er no stengt. BIRVH arbeider med plan for avslutning og etterdrift av deponiet, og skal ha etterdrift av anlegget jf. Forureiningslova §20. Ved etterdrift skal ein ha kontroll på utsleppa frå deponiet i minimum 30 år etter deponiet er avslutta. Ein skal ha kontorll på sigevatn, overvatn, grunnvatn, resipient og gassutslepp. Statsforvaltaren er tilsynsstyremakt for alle ordinære og inerte deponi.

I aksjekjøpsavtalen mellom BIR og dei tidlegare eigarkommunar i Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM), no BIR Voss Hardanger (BIRVH), er det lagt til grunn at det øknomiske ansvaret for denne forpliktinga ligg hjå eigarkommunane,  utover avsatte fondsmidlar i BIRVH. I praksis inneber dette at innbyggjarane vil dekkja desse  kostnadane gjennom  påslag på renovasjonsgebyret,  på lik linje med andre deltakarkommunar i BIR- samarbeidet.

Sjølve renovasjonsgebyret for hushald og fritidsbustader  skal dekke kostnader med renovasjonsordninga for hushaldsavfall, t.d innsamling, transport og handsaming av avfallet. Det skal og dekke investeringar i m.a gjenvinningsstasjonar/avallsmottak, utstyr og naudsynte miljøtiltak.

 

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss