Me tek neste steg. Dunkane er merkte og bilane og sjåførane er klare. Etter over 20 år med dei same rutene, digitaliserer me no tømmerutene. Dette gjer me for å få betre ruter, meir effektiv drift og eit mindre miljøavtrykk.
No tek me neste steg med digitale tømmeruter etter vellukka innføring av digitale ruter for glas- og metallemballsje.
Me er godt i gang med digitalisering av innsamlingsrutene i Eidfjord, Ulvik og Voss. Etter vellukka innføring av digitale ruter for glas- og metallemballasje tek me no neste steg.
Frå månadsskiftet august/september går me over til digitale innsamlingsruter for papir-, papp- og plastemballasje.
Endringa inneber at tømmedagane i papirutgåva av tømmekalenderen ikkje lenger vil vere oppdaterte for glas- og metallemballasje (frå april) og for papir-, papp- og plastemballasje frå månadsskiftet august/september.
Digitalisering av rutene gjer at me kan planleggje meir effektive ruter, utnytte ressursane betre og redusere miljøavtrykket vårt.
Last ned og registrer deg i tømmeappen
- Last ned BIR Voss Hardanger-appen.
- Vel tømmerute og abonnementstype. Deretter legg du inn adressa di.
- Når registreringa er fullført, får du oppdatert informasjon og varslingar på rett adresse.
- Hugs å velje når du ønskjer varsling, til dømes dagen før tømming kl. 18.00.
- Har du ikkje lasta ned appen enno, finn du han i App Store og Google Play.
Last ned appen i dag – der finn du alltid oppdaterte tømmedagar og varslingar.
Du får SMS når me innfører endring for papir/papp/plast.
Alle abonnentar får SMS-varsel når dei nye rutene vert tekne i bruk for papir-, papp- og plastinnsamling.
SMS-en vert sendt til heimelshavar og personar med registrert bustadadresse på den aktuelle eigedomen.
Har du spørsmål?
Skulle noko vere uklart, kan du kontakte oss på telefon 56 52 99 00 eller sende e-post til
Me er her for å hjelpe!
Du finn òg meir informasjon på www.birvh.no
Skulle noko vera uklart kan du kontakte oss på tlf 56 52 99 00.


