Me søkjer etter sommarvikarar og eit lenger vikariat:
Sommarvikarar Drift
Våre dyktige medarbeidarar fortener ferie, så kanskje du vil steppe inn og ta eit tak i sommar?
Me ser etter 1-4 ungdomar som kan vikariere som kunderettleiar og delta i førefallande driftsoppgåver på gjenvinningsstasjonane, eller delta på komprimatorbil med innsamling av avfall, normalt innanfor 50-100% stilling.
Send oss ein kortfatta søknad, sei nokre ord om kven du er, alder, interesser mm, samt kva veker du kan jobbe.
Du må være fylt 16 år, meistre norsk skriftleg og munnleg, samt engelsk munnleg.
Merk søknaden: Drift.
Kontaktperson: Drift- og HMS-leiar Sven G. Ramstad, mob 95 89 96 89
Søknad sender du til: Sommervikarar | FINN.no
Sommarvikar sentralbord/kontor
Me søkjer sommarvikar til kundesenteret vårt. Arbeidsoppgåvene vil vere å svare sentralbord og utføre lettare kontorarbeid.
Det er ynskjeleg at du kan arbeide i veke 27–32, men me er fleksible.
Det kan og vera muligheit for ekstra vakter utover hausten dersom rette person melder seg.
Du må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg, og vere trygg i bruk av data som arbeidsverktøy.
Send oss ein kortfatta søknad og fortel kven du er.
Merk søknaden: Sentralbord/kontor
Kontaktperson: Leiar for kundesenter, Anita Traa, mob 975 88 180
Søknad sender du til: Sommervikarar | FINN.no
BIR VH ynskjer å kome i kontakt med VIKARAR, sjåfører kl C m/ YSK og sidemenn/-kvinner
. . . som ifm ferieavvikling, gjennom sommar og høgtider, eller ifm anna fråvær av faste tilsette, kan utføre køyreoppdrag etter nærmare avtale, hovudsakleg på komprimatorbil ifm innhenting av avfall.
Så dersom du er arbeidssøkande, deltidsarbeidande, delvis arbeidsfør, på oljeturnus eller øver deg på pensjonisttilvære, og tenker at dette kan være noko for deg, av og til, - ta gjerne kontakt!
Ta kontakt med leiar innsamling Arne Saue på 908 83 644 dersom du har spørsmål til stillingane.
Søknad sender du til: BIR Voss Hardanger søkjer tilkallingsvikarer | FINN.no
100% stilling i vikariat tom 31.12.26 med mogelegheit for forlenging/ fast tilsetting
Me ser etter deg som trivst med ein travel arbeidsdag, er omgjengeleg og stødig og som rettleiar kundane på ein trygg og god måte.
Arbeidsoppgåver
- Kundehandsaming og -mottak med vektregistrering
- Fagleg kunderettleiing på sorteringsrampe
- Digital journalføring og deklarering
- Interntransport
- Andre praktiske driftsoppgåver etter avtale og kvalifikasjonar
Kvalifikasjonar
- Generell IT-kompetanse
- Førarkort kl B
- C1/C, truck- og maskinførarbevis er ein fordel.
- Norsk munnleg og skriftleg, engelsk munnleg
Personlege eigenskapar
- Erfaren og trygg med god serviceinnstilling
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i lag med andre
- Halde roen sjølv om «det kokar» Erfaring med praktisk arbeid og evne til å sjå løysingar
- Nysgjerrig på eit nytt fagområde med evne og vilje til å lære
- Påliteleg med gode samarbeidsevner
- Du er ein god kollega som tek ansvar og stiller opp
Me kan tilby
- Variert og meiningsfullt arbeid i ein bransje i utvikling
- Ein triveleg arbeidsplass med gode kollegaer
- Løn iht tariffavtale
- Pensjons- og forsikringsordningar
Spørsmål om stillinga: kontakt Drifts- og HMS-leiar Sven Gunnar Ramstad, tlf 95 89 96 89
Søknad sender du til: Driftsmedarbeidar | FINN.no
BIR, vestlendingane si eiga miljøbedrift, er eit av Noregs største renovasjonsselskap, eigd av elleve kommunar: Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Kvam, Osterøy, Samnanger, Ulvik, Vaksdal, Øygarden og Voss. BIR har hovudkontor sentralt i Bergen.
BIR ønskjer å utvikla avfallsbransjen i ein meir sirkulær og berekraftig retning og utnytta ressursane i avfallet betre. BIR er organisert som eit konsern og har ansvar for avfallet gjennom heile verdikjeda. Me ønskjer medarbeidarar som kjenner seg igjen i BIR sine kjerneverdiar: superpålitelig, miljøpådrivar, imøtekommande og lagspelar.
BIR har medarbeidarar med ulik fagkompetanse, fagkombinasjon, livserfaringar og perspektiv. Alle kvalifiserte kandidatar blir oppmoda til å søkja jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.
Saman for ei god sak!



