Registrering av dunk utan fungerande brikke

Bruk dette skjemaet for å knyta ein avfallsdunk til rett adresse når du har fått ein meldingslapp på dunken.

Fyll ut skjemaet nedanfor. La dunken stå lett tilgjengeleg med lappen på. Me festar vanlegvis på ny brikke innan to veker. Er det tømmedag før brikka er på plass, set du ut dunken som vanleg. Me fjernar lappen når brikka er festa.

Featured

Deponiavgift frå 01.01.2025

Kommunalt gebyr  for etterdrift av deponi, Bjørkemoen

Frå 01.01.2025 vil det kome eit eige påslag på faktura for renovasjon «kommunalt påslag etterdrift deponi» med kr 156,25 inkl mva pr bueining pr år. Avgifta gjeld for dei som er omfatta av den lovpålagte avfallshandteringa for hushaldningsavfall  jmf Forureingslova §34. Dette omfattar privathushald og hytter/fritidsbustader.

IHM fekk i 1995 løyve til å drifta deponi på Bjørkemoen, i hovudsak tiltenkt deponering av hushaldsavfall som vart lagt på deponi frå våre eigarkommunar fram til 2009. Deponiet er no stengt. BIRVH arbeider med plan for avslutning og etterdrift av deponiet, og skal ha etterdrift av anlegget jf. Forureiningslova §20. Ved etterdrift skal ein ha kontroll på utsleppa frå deponiet i minimum 30 år etter deponiet er avslutta. Ein skal ha kontorll på sigevatn, overvatn, grunnvatn, resipient og gassutslepp. Statsforvaltaren er tilsynsstyremakt for alle ordinære og inerte deponi.

I aksjekjøpsavtalen mellom BIR og dei tidlegare eigarkommunar i Indre Hordaland Miljøverk IKS (IHM), no BIR Voss Hardanger (BIRVH), er det lagt til grunn at det øknomiske ansvaret for denne forpliktinga ligg hjå eigarkommunane,  utover avsatte fondsmidlar i BIRVH. I praksis inneber dette at innbyggjarane vil dekkja desse  kostnadane gjennom  påslag på renovasjonsgebyret,  på lik linje med andre deltakarkommunar i BIR- samarbeidet.

Sjølve renovasjonsgebyret for hushald og fritidsbustader  skal dekke kostnader med renovasjonsordninga for hushaldsavfall, t.d innsamling, transport og handsaming av avfallet. Det skal og dekke investeringar i m.a gjenvinningsstasjonar/avallsmottak, utstyr og naudsynte miljøtiltak.

 

Featured

Tekstilar, tøy og sko

Tekstil

Frå 01.01.2025 har kommunane/herada ansvar for å tilby innsamling av tekstilavfall som ikkje er eigna for gjenbruk. Kva inneber dette for deg, og korleis skal tekstil sorterast? Her vil du finne svar på dei mest vanlege spørsmål rundt den nye ordninga.

Det finnes  ingen gode nok teknologiske løysningar til å få på plass ei bærekraftig resirkulering av klesavfall i stor skala. Målet bør derfor vera at mest mulig tekstil går til gjenbruk framføre materialgjenvinning, men det aller viktigaste er å redusere forbruket. Å kjøpe færre tekstil har ein langt større positiv miljøeffekt enn både gjenbruk og materialgjevninning, då det reduserer ressursbruk og miljøbelastning aller mest. 

Kvar skal ein levere øydelagte tekstil?
På alle våre gjenvinningsstasjonar i BIR kan du levera øydelagte tekstil i eigen behaldar. Klær,sko og tekstil i god stand skal forsatt leverast til gjenbruk, for eksempel til gjenbruksbutikk eller innsamlingscontainere (Som t.d Fretex) 
 
Kva vert rekna som øydelagt tekstil?
Tekstil som er utslitt, holete eller har flekkar som ikkje går vekk i vask, vert rekna som tekstilavfall. Dersom plagget kun manglar ein knapp, har ein liten flekk eller kan reparerast, oppfordrar me til å levere plagget til gjenbruk, så lenge plagget er reint, heilt og tørt.
 
Er det nokon tekstil som skal i restavfallet? 
Ja, tekstil som er fuktige, mugne eller tilgrisa med maling eller olje, skal forsatt kastast som restavfall. 

Kva med øydelagte sko – kan dei leverast  i den nye innsamlinga?
Nei, øydelagte sko skal kastast som restavfall.

Kan eg fortsatt kaste sokkar med hol  i restavfallet heime?
Det er ikkje ulovleg å kaste tekstilavfall i restavfall, men det er sjølvsagt eit ynskje om at hushaldningene tar i bruk etablerte løysninger. Det er opp til hushaldningane kor mykje dei ynskjer  å sortere, men me anbefalar å sortere mest mogleg  for å redusere restavfallsmengda og auke  materialgjenvinninga. 

Kva  er hensikta med den nye tekstilordningen?
Målet er å auke  gjenvinninga av tekstil, i tråd med EU sine  krav, for å spare ressursar og redusere miljøbelastninga.

Er alt tekstilavfall lett å gjenvinne?
Nei, enkelte materiale er vanskeleg  å resirkulere på grunn av stoffet sin  kvalitet eller samansetning. Likevel bidreg  systematisk innsamling til at tekstila  kan vurderast  og brukast  på best mogleg  måte.

Koster det noko  å levere tekstilavfall?
Ja, øydelagte tekstil skal  leverast  på lik linje med anna avfall til dei fastsatte prisane på gjenvinningsstasjonane. 

Hugs å sortere dei øydelagte tekstila for seg når du leverer. Ta gjerne kontakt med kundeveiledar på gjenvinningsstasjonen  for veiledning om rett  levering. 

Gjenvinn og vinn !!!! Du kan vinne 50.000 kroner

LOOP konkurranse facebook forsidebilde 16x9 nynorsk

Bli med i trekninga av 50 000 kroner  🎉
Alt du treng å gjere er å sende eit bilde av ditt system for kjeldesortering av glas- og metallemballasje. Bli med i konkurransen her: sortere.no/gjenvinn-og-vinn

♻️Konkurransen vert arrangert av Sortere i  samarbeid med Sirkel og Norsk Metallgjenvinning.

Denne konkurransen er på ingen måte sponsa, støtta, administrert eller assosiert med Facebook/Instagram.

2.

Vis fram ditt system for glas- og metallemballasje heime, og bli med i trekninga av 50 000 kroner 🎉

💡Har du eit enkelt og praktisk system, eller ei kreativ løysing? Det viktigaste er at det fungerer og gjer kjeldesorteringa så lett som mogleg hos deg.

🏆 Gjenvinn og vinn!
Gå inn på sortere.no/gjenvinn-og-vinn og send inn bilde av ditt kjeldesorteringssystem.

Det blir trekt ein vinnar i kvart fylke (10 000 kr) og ein nasjonal vinnar (50 000 kr). Fristen for å delta er 16. februar 2025.

Lykke til!

♻️Konkurransen vert arrangert av Sortere i  samarbeid med Sirkel og Norsk Metallgjenvinning.

Denne konkurransen er på ingen måte sponsa, støtta, administrert eller assosiert med Facebook/Instagram.

Featured

Nytt for 2025

Ny utgåve av Miljøbladet er sendt ut i posten i kommunane våre. Dersom du ikkje har sett det kan du lesa her (PDF-fil):

I år har det kome fleire endringar i renovasjonsordninga som gjeld tidspunkt, laus papp, hageavfall og tekstilar. I tillegg kjem nytt gebyr for etterdrift av deponi, og endringar i satsar for hytterenovasjon. Her får du oversikta over det viktigaste du må vita.

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss