Nyheit! I år kan alle kartongar, uansett om dei er enkle eller samla i ein kubbe, vinna opptil 100 000 kroner. Fire gongar i året vert det trekt ut ein vinnar av 100 000 kroner, og 30 vinnarar av 10 000 kroner.
I 25 år har nordmenn skylla og bretta og stappa drikkekartongar for å delta i Returkartonglotteriet i regi av Grønt Punkt Norge. No gjer dei det lettare for fleire å konkurrera om topppremien på 100 000 kroner. Du kan vinna med både kubbar og enkeltkartongar. Grønt Punkt Norge meiner ny ordning gjev folk ein ekstra motivasjon for å kjeldesortera drikkekartongen sin.
Alle drikkekartongar kan vera lodd i returkartonglotteriet. Det vil seia alle kartongar for mat eller drikke som har eit belegg av plast eller metall på innsida.
Slik deltek du:
Skyll kartongen, press den flat og skriv namn og telefonnummer på kubben eller enkeltkartongen. Bruk helst permanent tusj om du har. Kartongen legg du i papirdunken din.
Kvart år har returkartonglotteriet 124 vinnarar og vinnarsjansen er lik uansett kvar du bur.
Grønt Punkt er ansvarleg for returkartonglotteriet.
Du kan lesa meir om lotteriet på Grønt Punkt
Takk for at du bidreg til avfallsforebygging og gjenvinning til nye produkt!

Dei siste fem åra har det oppstått meir enn 200 brannar i norske avfallsnlegg. Ein av hovedgrunnane; batteri i restavfallet.
Det er som oftast litt restenergi igjen i batteria, noko som gjer at dei kan kortslutta og utgjera ei brannfare. Unngå at gamle batteri blir liggjande i skap og skuffer og husk å teipe polane.
Slik gjer du det:
* Bruk eit syltetøyglas eller annan behaldar til å samle brukte batteri i.
* Teip polane på batteria før du leverar dei inn. Unngå å samle opp store mengder batteri og lever dei inn regelmessig.
* Alle batteri kan leverast gratis til butikkar som sel same type batteri, uavhengig av merke. Batteri kan og leverast gratis til gjenvinningsstasjon.