Biogassanlegget på Voss
Featured

Biogassanlegget på Voss

Biogassanlegget på Voss syter for at matavfallet frå hushalda blir brukt på ein måte som tek vare på både energi og næringsstoff. Her blir matavfall og husdyrgjødsel gjorde om til to produkt: biogass og biogjødsel.

Anlegget er det fyrste i sitt slag på Vestlandet som kombinerer matavfall med husdyrgjødsel som innsatsfaktorar, og er eit nullutsleppsanlegg for grøn energi. Plasseringa på Bjørkemoen gjev kort veg til landbruksaktiviteten i området og gjer det enkelt å halda ressursane i eit lokalt krinsløp. Løysinga skaper ei sirkulær verdikjede der avfall, matjord og energi heng saman.

Slik fungerer anlegget

Anlegget baserer seg på om lag ein tredel matavfall og to tredelar husdyrgjødsel. Husdyrgjødsel stabiliserer prosessen og fungerer samstundes som prosessvatn, slik at det ikkje er naudsynt å tilsetja reint vatn. I råtnetanken blir matavfall og kumøkk brotne ned utan oksygen. Dette dannar metangass som blir reinsa og foredla vidare til biogass.

Biogassen som blir produsert eignar seg godt som drivstoff for tyngre køyretøy, og det er etablert ein lokal fyllestasjon slik at gassen kan brukast i regionen. Biogass blir rekna som klimanøytral sidan karbonet frå CO₂ går tilbake i plantene sitt eige krinsløp, nedbrytinga skjer utan metanutslepp, og biogassen samstundes erstattar fossile energikjelder.

Etter nedbrytinga får vi biorest som blir delt i ein flytande og ein fast fraksjon som begge blir brukte som gjødsel. Biogjødsel frå biogassanlegg har meir stabilt næringsinnhald enn ubehandla husdyrgjødsel, ho luktar mindre og næringa blir lettare teken opp av plantene. Samstundes reduserer ho behovet for kunstgjødsel, som krev mykje energi å produsera og byggjer på fosfor frå ikkje-fornybare gruver. Slik får bøndene eit kortreist og meir miljøvennleg alternativ.

Prosessen

  1. Matavfallet blir behandla i ei trommel som skil matavfall frå eventuell plast og andre framandelement.
  2. Avfallet blir blanda med husdyrgjødsel og hygienisert, som tyder at blandinga blir varma opp for å fjerna smittestoff.
  3. I reaktoren skjer ei nedbryting utan oksygen, og det blir danna biogass som består av CO₂ og metan.
  4. Metanen blir skild ut, konsentrert og brukt som drivstoff til mellom anna bussar og lastebilar.
  5. Etter nedbrytinga får vi ein næringsrik biorest som kan brukast som gjødsel i landbruket til å dyrka ny mat.

biogass flytskjema

 

Biogassanlegget er ein sentral del av ein større biosirkulær industripark, Voss Virka. Her møtest industri, teknologi og biologi i eit samspel og gjev kraft til ny verdiskaping. Les meir om Voss Virka her.

Miljøgevinstar

Biogassanlegget gjev store klima- og miljøfordelar:

  • Reduserte klimagassutslepp frå både matavfall og husdyrgjødsel
  • Redusert metanutslepp samanlikna med tradisjonell lagring av gjødsel
  • Fornybar energi som kan erstatta fossile drivstoff
  • Sirkulær ressursutnytting ved at næringsstoffa blir førte tilbake til jord
  • Auka karbonbinding i jord gjennom bruk av biogjødsel
  • Bidrag til utsleppskutt i heile verdikjeda – innsamling, behandling og bruk

Anlegget blir sett i drift i desember 2025

Nabo til biogassanlegget? Dersom du opplever hendingar du ynskjer å melda frå om, gå til denne sida.

FOTO: Bjørn Feltens/LINK arkitektur

BIR Biogass
Bjørkemoen 46,
5709 Voss

Kontaktinfo Bir Biogass:

E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.  

Tlf: 901 26 396

 

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss