Måtar å få tak i nye plastretursekkar (transparent) til plastemballasje:
- Heng lapp med melding på papirdunken (blå) når du set dunken fram. Hugs å ta omsyn til vêrmeldinga! Du kan til dømes leggja lappen inni ein gjennomsiktig plastpose som du bind fast til dunken. På finværsdagar held det å teipa ein lapp til dunken når du sett han fram. Du vil då få ny rull med sekker.
- Ta kontakt med tenestetorget i kommunen din, gjenvinningsstasjonen i kommunen eller BIR Voss Hardanger sitt avfallsanlegg på Voss.
- Dersom du er der når ein av renovasjonsbilane kjem forbi kan du og spørje om å få ein ny rull.
- Hugs dobbel knute på sekken når du set den ut hentedagen! NB! Ikkje knyt sekken i avfallsdunken, gjerder e.a. Takk :)
Ekstra sekk (svart ) til restavfall:
Du kan kjøpa ektra sekk (kr 63,-) til restavfall på kundetorget i kommunen eller på gjenvinningsstasjonen. Set ekstrasekken ut i lag med restavfallsdunken på hentedagen.
Lukke til - og takk for din innsats for eit betre miljø.