Bruksrettleiing for BIR Voss Hardanger-appen

  • 1. Last ned

    Last ned appen frå:

    google play  eller    app store no2x 350x110

    Etter at appen er installert vert du spurd om om å gje løyve til sporing i appen. Du treng ikkje godkjenna dette for å kunna bruka appen.

    Du vil vidare få spørsmål om du vil motta varslingar. Dette er for at du skal få melding om når du skal setja ut dunkane, og motta varsel frå BIR Voss Hardanger. Du vel sjølv om du vil ha dette. 

  • 2. Opningsbilete

    Deretter må du setja opp kva tømmerute du har:

    demo1

     

  • 3. Type hushald

    Du må først velja om du har småhushald eller normalhushald/storhushald. Dette fordi det er forskjellig tømmefrekvens alt etter kva abonnementstype du har.

     

    demo4

     

  • 4. Kommune og stad

    Så vel du kommunen du bur i, og stad i kommunen. Du trykker då på staden du bur, og ikkje sjølve ruta for å velja den. Her har me valt Ullensvang, og deretter Utne på rute 15:

    (Du trykkjer på staden du bur, og ikkje rutenummeret, for å velja.)

     

    demo2   

     

  • 5. Tømmekalender

    No vil du få fram tømmekalenderen din på framsida i appen. Her kan du sveipa vidare til dei neste tømmedagane, om du ynskjer det.

     

    demo6

     

  • 6. Varsling

    Om du vil ha varsling om å setja ut dunken, går du inn i innstillingane og vel «Varslingsinnstillingar».

    Her kan du velja om du vil ha varsel dagen før eller same dag, og klokkeslett.

     

     demo5

  • 7. Informasjon, miljøstasjonar, kontaktskjema

    Trykkjer du på dei tre kvite strekane oppe til venstre på det grøne feltet, kjem du til menyen.

    Der du kan m. a. finna miljøstasjonane våre, eller kontaktskjema til oss.

    I MELDINGAR, vil alle meldingar me sender deg liggja. Dette kan vera meldingar om forseinka ruter eller annan nyttig informasjon me sender.

    For å slå av eller på sporing – går du inn på INFORMASJON, og endrar dette. 

     

    demo7

  • 8. Endre tømmerute og varsling

    Vil du sjå tømmerute for ei anna rute enn den du har valt, går du til startsida der du ser tannhjulsymbolet oppe til høgre.

    Her kan du velja tømmerute (sjå punkt 4) og varsling på nytt.
    Appen kan i dag berre ha vising for ei tømmerute. Du kan ikkje velja å ha to eller fleire favorittruter.

    Tidspunkt

     

     

     

  • Straumsparing for Android-telefonar

    Gå til "Innstillinger > Apper".
    Vel dei 3 dottane i høgre hjørne > Spesiell tilgang > Optimaliser batteribruk.

    Byt så «Apper ikke optimalisert» til «Alle apper».
    Finn BIR Voss Hardanger-appen og slå av brytaren for optimalisering.

    Gå til "Innstillinger > enhetsvedlikehold". Trykk på «Batteri».
    Bla nedst på sida og vel «Apper som ikke overvåkes».
    Vel dei 3 prikkane i høgre hjørne > "Legg til apper".

    Finn BIR Voss Hardanger–appen og trykk utfør.

     

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss