Tømmekalender

Tømmekalender (restavfall og matavfall)  for september og oktober 2026,  finn du ved å trykke på lenka under : (Alle fraksjonane finn du i BIRVH sin tømmeapp) 

 https://birvh.no/images/tomekalendar/Tommekalender%202026/BIR%20tommekalender%202%20halvar%202026-sep-okt.pdf

Det kan kanskje verke litt underleg at tømmekalenderen manglar både glas- og metallemballasje og papir/papp/plast. Forklaringa er at matavfall og restavfall enno ikkje er digitalisert. Desse fraksjonane går derfor framleis etter tømmeruta som vart sett opp i den gamle tømmekalenderen.

Glas- og metallemballasje og papir/papp/plast har fått digitale innsamlingsruter, og tømmedagane for desse fraksjonane finn du derfor berre i tømmeappen.

På sikt vil du også kunne logge inn på heimesida vår og skrive inn bustadadressa di. Då får du fram tømmerutene dine der, og du vil kunne skrive ut din eigen tømmekalender.

Du får informasjon frå oss når denne løysinga er tilgjengeleg.

 

Kvifor viser tømmekalenderen berre to månader fram i tid?

Me er i ferd med å gå over til digitale innsamlingsruter. Det gjer at me kan tilpasse rutene gjennom året ved behov. Difor viser tømmekalenderen på nettsida berre tømmedatoar to månader fram i tid for restavfall og matavfall.

For oppdaterte tømmedatoar tilrår me at du lastar ned BIR VH Tømmeapp. Då har du alltid tilgang til gjeldande tømmedagar og får beskjed dersom det skjer endringar.

Er du ikkje digital, eller treng hjelp til å finne tømmedatoane dine? Ta kontakt med kundesenteret på telefon 56 52 99 00, så hjelper me deg.

For  meir informasjon om endringa og korleis laste ned tømmeapp : Digitalisering av tømmeruter - BIR Voss Hardanger

Det vil ved årsskiftet kome ny nettside der du kan logge deg inn på "min side". Her vil du mellom anna få oversikt over dine tømmedager.

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss