Kompostering

Alt organisk avfall frå kjøkkenet kan komposterast, og du får flott næringsrik jord tilbake.

Korleis starte opp?

Kontakt BIR Voss Hardanger for:

  • søknad om heimekompostering
  • for kjøp av kompostbinge/eller annan godkjend omdanningsprosess
  • Bygg din eigen vinterisolert kompostbinge - be om teikning
  • for kurs og rettleiing

Godkjent komposteringsmetode

- Godkjend vinterisolert kompostbinge for varmekompostering

- Bokashi - Føregår delvis inne, i ei lita lufttett bokashibøtte og dels anten inne i ei kasse med litt jord, eller ute. Du kan lesa meir om dette her: www.bokashi.no

Grunnreglar for kompostering med kompostbinge

Følgjande er avgjerande for eit godt resultat:

  1. Ein lyt få praktisk opplæring før ein går igang med å kompostera.
  2. Rett strø og rett bruk av strø er nykkelfaktorar.
  3. Kompostbingen må vera godt isolert og ha eit godt luftesystem.
  4. Kompostbingen må ha ein tett og solid innerboks som toler eit greip.
  5. Loket på bingen bør slutta til, slik at floger ikkje kan leggja egg mellom loket og bingen.
  6. Ved tømming av bingen bør det øvste laget som ikkje er ferdig råkompost danna startmaten ved neste oppstart.
  7. For å halda ein jamn temperatur, må ein "fora" bingen 2 gonger i veka.
  8. Eit greip er eit nadsynt reiskap ved heimekompostering.
  9. Omrøring er svært viktig.

Full omrøring av dei øverste 30 cm ein gong i veka, før du legg i nytt avfall (evt. annankvar veke).

Grunnreglar  for kompostering med bokashi:

Bokashi er ein 3-trinns rakett til næringsrik kompostjord. Dei to fyrste trinna SKAL føregå innandørs.

Trinn 1: Er når du fyller bokashibøtta med matavfall ein gong om dagen og strør bokashistrø  over.                                                                                                                                                          

Trinn 2: Er ein gjærings- eller fermenteringsperiode på minimum 2 veker. Når du har fyllt opp bokashibøtta, skal den stå med lufttette lokket på og kvile innandørs i 2 veker.                                                                                                                                        

Trinn 3: Fermentert bokashi skal i kontakt med jord for å bli jord. Det kan skje inne eller ute - i  ei kasse med litt jord, i pallekarm i hagen, eller rett i jorda.

Dersom du t.d leiger ut kjellerleiligheit som og skal kompostere matavfall etter bokashimetode, må du ha to sett. Du kan kjøpe ulike pakkeløysingar for dette.


Redusert gebyr for abonnentar som heimekomposterar eller driv bokashi

I tillegg til gebyrreduksjon gjev BIR Voss Hardanger eit eingongstilskot til kjøp av kompostbinge eller til utstyr for bokashi. I tilskot får du 50% av innkjøpspris, maks kr 1500,- inkl mva.

BIR Voss Hardanger gir berre tilskot til kjøp av nye kompostbingar og Bokashi.

Krav til kvittering: Kvittering må ikkje vera eldre enn 1 år. Dersom du bestiller på nettet, må kvittering innehald heimelshavar sitt namn.

NB! Berre tinglyst eigar av eigedomen kan søkja, då dette medfører endring i gebyret.

Bruk av ferdig kompost

  1. Bland komposten med jord eller sand
  2. Plant ikkje i rein kompostjord, då den er for sterk for dei fleste plantar
  3. Brukartips: Nylagd bed eller plen: 1 del kompost 5 deler mager jord

Jordforbetring

Gjødsel: 10 liter kompost pr. m2, blandes lett
Blombed: 3 - 10 liter kompost pr. m2 pr. år i overflata
Blomkasse: 1 del kompost 3 - 5 deler sand eller mager jord
Planting av tre: 1 del kompost - 5 deler sand eller mager jord kring røtene

VARMKOMPOST

Vossakompen er ein vêrbestandig og god kompostbinge for heimekompostering produsert hjå Kveik. For kjøp av Vossakompen, kontakt Kveik, tlf. 56 52 08 60 eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

For kompostering med Bokashi må du bestilla via Bokashi Norge sin nettbutikk: www.bokashi.norge eller ta kontakt med Hageland.

Vil du vita meir om Cipax Kompen og kompostering kan du lasta ned fylgjande produktark:

pdfCIPAX KOMPEN, produktfakta

pdfCipaxkompen-rettleiing-2014.pdf

BIR Voss Hardanger forhandlar Cipaxbingen. Prisen er kr 5700,- inkl. mva. (4200, - ved 1. gongs kjøp).

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss