Alle dunkar skal merkast med elektronisk brikke

BIR Voss Hardanger vil på nyåret starta med å merka alle dunkane for hushald (restavfall, matavfall, papir/papp og glas/metall). Merkinga gjev oss eit felles system for registrering av tømming, og grunnlag for å utnytta rutene betre. Merking av dunkar med RFID-brikker er fyrste steg mot betre tenester.

Under har me samla ofte stilte spørsmål og svar i samband med merkinga: 

 

  • Kvifor skal me merka dunkane med RFID brikke og adresselapp?

    Avfallsselskapa har i dag mange krav å etterleva, både nasjonale og frå EU. I åra som kjem vil det bli strengare krav til sortering av avfall i heimane våre.

    For å møta desse krava, vil BIR Voss Hardanger starta med å merka alle dunkane for hushald (restavfall, matavfall, papir/papp og glas/metall). Merkinga gjev oss eit felles system i BIR for registrering av tømming, og grunnlag for å utnytta rutene betre. Merkinga gjev oss meir oversikt over innsamla avfall og slik kan me gje rett gebyr til rett abonnent. 

    Merking med RFID brikke tel tømmingar og kvar avfallsfraksjon frå husstanden (type dunk og storleik). Slik sikrar me kravet til kvalitet på avfallshandteringa og kan oppretthalda gode tenester til abonnentane. 

    Me vil i sanntid ha oversikt over kva dunkar som er tømde og kven som ikkje er tømde, noko som vil vera synleg i renovasjonsbilen. Slik kan tømming planleggast godt og hensiktsmessig.

    Dersom RFID brikka av ulike årsakar ikkje fungerer, kan sjåføren enkelt registrera tømminga med adresselapp. For samleplassar vil det òg vera enkelt å finne sin dunk blant alle andre. 

    Med RFID vil det bli betre kontroll på avfallet!

  • Kostar merkinga meg noko ekstra?

    Renovasjonsavgifta blir ikkje endra som fylgje av dette prosjektet. Ditt abonnement vil vera som no.

  • Korleis går merkinga føre seg?

    Alle abonnentar vil bli varsla med ei tekstmelding/SMS i forkant av merkinga. Det einaste du som abonnent må gjera er å setja fram dunkane på ein godt synleg plass ved eigedomen din (ved husvegg, garasjevegg, gardstun e.l) til dunkane dykkar er merkt. På tømmedagen må dunkane som vanleg plasserast på hentestaden. Me merkjer ikkje dunkar på tømmedagar. Merkinga blir utført av BIR sitt personale.

  • Når startar ein med merking av dunkane?

    Me byrjar merkinga av avfallsdunkane i januar 2024. Det vil ta fyrste halvdel av 2024 før alle dunkane er i BIR Voss Hardanger er merkte.

    Når  utstyret er montert ventar ei innkøyringsperiode for å sjå at alt funger som det skal. Teknologien skal fungera, sjåførane skal erfara og dele sine erfaringar, og dei som sitt administrativt med innhenta data skal bli varme i trøya.

  • Kva er ei RFID brikke eigentleg?

    RFID står for Radio Frekvens Identifikasjon, og er ei lita databrikke (på storleik med eit lite sandkorn) som sender signal til ein mottakar på renovasjonsbilen. Kvar RFID - brikke har ein unik kode, som saman med strekkoden på dunken, vert lesen av når dunken vert tømd i renovasjonsbilen. 

    Brikkene me brukar er såkalla passive brikker. Dei har inga straumforsyning og treng lite utskifting eller vedlikehald. ei toler snø, kulde og regn. 

  • Blir det endring av mitt abonnement?

    Ditt abonnement vert ikkje endra som fylgje av dette prosjektet. RFID- merkinga  er ledd i eit større og meir langstiktig prosjekt. Men, me meiner at med bruk av moderne (godt utprøvd) teknologi på sikt vil gi deg som innbyggjar ei betre renovasjonsteneste. Med denne teknologien kan det mellom anna opna opp for å løna god kjeldesortering i framtida. 

  • Er RFID trygt?

    Det enkle og korte svaret er "ja". RFID er ein velutprøvd teknologi, som blant anna er kjend frå bombrikker og alarmsystem. Betalingskortet ditt har mellom anna RFID.

  • Har du spørsmål du ikkje finn i punkta over?

    Dersom du har spørsmål til merking av dunkar, kan du enkelt ta kontakt med oss på e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller ringja oss på tlf. 56 52 99 00.

  • Eg leverer avfallet mitt i sekk, kva gjer eg?

    Inntil vidare brukar du sekk som vanleg. Me tar kontakt når det eventuellt blir endringar.

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss