Me oppmodar deg til å sortera avfallet ditt med tanke på gjenbruk og gjenvinning, og til å bruke gjenvinningsstasjonen. Slik beheld me ressursane i kretslaupet. Kvar og ein av oss har og eit ansvar for at farleg avfall ikkje kjem på avvegar. Leverer du farleg avfall og EE-avfall til gjenvinningsstasjonen, er du sikker på at det vert teke hand om på forsvarleg vis. EE-avfall kan du og levere kostnadsfritt i retur til forhandlar.
NB! Hugs at røyking og all bruk av eld er forbode på gjenvinningsstasjonane. Av omsyn til tryggleiken bør barn sitja i bilen under besøket på gjenvinningsstasjonen.
Hugs at du må laste ned BIR Voss Hardanger-kundeapp eller ha med deg kundekort når ein besøkjer ein av våre gjenvinningsstasjonar.
Informasjon om kundeapp og kundekort for hushald/hytter
Bjørkemoen
Måndag – fredag: 07.30 – 15.30
Torsdag: 07.30 – 18.00
Jul og nyttårshelg:
Nyttårsafta 31.12 kl 07.30 - 11.30, 1 nyttårsdag stengt
Laurdagar kl. 10–14 fylgjande datoar: 3 januar, 7 februar, 7 mars, 11 april, 2 mai, 6 juni, 4 juli, 1 august, 5 september, 3 oktober, 7 november, 5 desember
Holmen, Ulvik
Tysdag: 12.00 – 18.00
Simadalen, Eidfjord
Måndag: 12.00-18.00
Røynstrand, Granvin
Onsdag : 12.00-17.30


