BIR Voss Hardanger samarbeidde i 2017 med 3 andre IKS på vestlandet om utarbeiding av utkast til ei norm for tekniske løysingar for renovasjon ved nye utbyggingar. Utkast til norm vart utarbeidd av konsulentselskapet ALBARAN. Sidan den gang vart dette arbeidet liggande på vent for BIR Voss Hardanger sin del fram til 2019. Då byrja BIR Voss Hardanger å tilpassa norma til lokale tilhøve.
Norma skal gje utbyggjarar nok informasjon om avfallstekniske løysingar til å planlegga for gode ordningar for avfall. Ved mange utbyggingar vert det planlagt for seint for avfallsløysingar noko som medfører kostbare løysingar som ikkje er godt tilrettelagte.
Norma medfører ikkje store endringar i den tekniske utforminga ved avfallsrom og avfallsskur men den tydeleggjer krav i byggforskriftene samt tek inn løysingar som kan reknast som bransjestandardar. Der norma medfører størst endring er at den krev nedgravd løysning / djupoppsamling ved utbyggingar som er større enn 30 bueiningar. Den seier også at det skal vurderast denne type løysing ved utbyggingar som er større enn 20 bueiningar. Den tydeleggjer også at det er utbyggar sitt ansvar å få løysninga på plass og BIR Voss Hardanger vil så overta eigarskap og driftsansvar for den nedgravde løysinga. Dette er i samsvar med praksis fleire andre stadar i Noreg.
Norma kan du lesa ved å gå inn på Heradet si side. Her er nettlenka: https://voss.herad.no/_f/p1/i0f98a642-cbee-4ec7-ac90-918ded3044fe/renovasjonsteknisk-norm-ihm.pdf