Renovasjonsgebyr for hushald

Renovasjonsgebyret som hushald og hytter betalar, skal dekke kostnader med renovasjonsordninga for hushaldsavfall, t.d. transport og handsaming av avfallstypar. Det skal òg dekke investeringar i t.d. gjenvinningsstasjonar og avfallsmottak, utstyr og naudsynte miljøtiltak.

Deponiet på Bjørkemoen er lokalisert i nær tilknytning til eit verna vassdrag, og det er i den samanheng stilt strenge krav til sikring mot utslepp til jord, vatn og luft. Alle deponi har og krav om tiltak mot gassutslepp. Etter forskrift om deponering av avfall er det krav om vedlikehald, overvaking og kontroll av deponiet i etterdriftsfasen  minst 30 år)  Frå 01.01.2025 vil det kome eit eige påslag på faktura for renovasjon "kommunalt påslag ettterdrift deponi" med kr 156,25 inkl mva pr.eining pr år. 

 

Gebyrklassar 2025Prisar i kroner inkl.mva.
Småhushald 3575,56
Småhushald m/kompostering 2552,93
Normalhushald 5107,25
Normalhushald m/kompostering 3578,31
Storhushald 6896,43
Storhushald m/kompostering 5112,87
Halv avgift 2553,62

 

For hushald er det tøming av 140 liters bioavfallsdunk kvar 2. veke, 140 liters papirdunk kvar 4.veke og 140 liters glas-og metalldunk kvar 8.veke.

  • Småhushald 140 liters dunk kvar 4. veke
  • Normalhushald 140 liters dunk kvar 2. veke
  • Storhushald 240 liters dunk kvar 2. veke

Kompostering:

Dei som komposterar må skaffa kompostbinge sjølv, men får refundert kr 1500 (pr. 01.01.2020) av BIR Voss Hardanger ved framlagd kvittering. Dette gjeld berre ved 1. gongs kjøp! Ved fornying av binge vert det ikkje gjeve tilskot. 

Kven som er pliktig til å betala renovasjonsgebyr er regulert gjennom forskrifter vedtekne i kvar kommune. Omfanget av ordninga knytt til kvart abonnement kan du sjølv bestemma, dvs. om du ønskjer heimekompostering, frekvens for tømming av restavfallet osv. Gebyret du betalar er avhengig av type abonnement.

For meir informasjon om den kommunale renovasjonsordninga sjå:

For tinging av nytt abonnement eller endring av abonnement skal du bruka skjema for ny abonnent.

For byting av øydelagte dunkar kan du sende oss ei forenkla melding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Har du spørsmål, eller ønskjer informasjon om ordninga, kontakt oss på tlf. 56 52 99 00.

Ta kontakt med BIR Voss Hardanger når det gjeld ordningar for heimekompostering.

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss