Levering av avfall - Bringeordningar

BIR Voss Hardanger driv ei moderne avfallshandsaming der kjeldesortering står i fokus. Slik tek me vare på ressursane i staden for å gjera avfall til eit problem. Dette inneber innsamling og vidare handsaming av alt avfall frå dei i underkant 9000 hushalda i regionen. BIR Voss Hardanger tilbyr ein kombinasjon av henteordningar og bringeordningar.

Bringeordningar

Henteordning for glas- og metallemballasje er kome godt igang, og returpunkt for denne avfallstypen er fjerna.  Andre avfallstypar som elektrisk- og elektronisk avfall (EE-avfall), farleg avfall, trevirke, jern og metall osb. må leverast til gjenvinningsstasjonane i kommunane.

BIR Voss Hardanger  sitt avfallsanlegg på Voss er eit viktig knutepunkt for vidaretransport av avfall til gjenvinning. BIR Voss Hardanger  har avtalar med verksemder i Noreg, Norden og Europa som syter for avsetnad på avfallstypane som vert utsortert.

Til tross for god kjeldesortering og aukande gjenvinningsgrad veks den totale avfallsmengda. Dette er eit av vår tids største miljøproblem. Ein viktig oppgåve for BIR Voss Hardanger  er å vera ein pådrivar for å redusera avfallsmengdene i regionen!

For meir informasjon om den kommunale renovasjonsordninga sjå:

Innsamlingsforskrifta
Gebyrforskrifta
Renovasjonstenester hytte

BIR Voss Hardanger-IMG_6826skalert

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss