Ny abonnent

Bir Voss Hardanger er eit dotterselskap til BIR AS som arbeider med kommunale renovasjonsordningar og miljøvenleg avfallshandtering i desse kommunane/heradet: Eidfjord, Ulvik og Voss.

Er du nyinnflytta i vår region kan renovasjonsordninga vera annleis enn du er van med. BIR voss Hardanger var tidleg ute med kjeldesortering, og har gjennom mange år utvikla gode ordningar for ei miljørett handsaming av avfallet. Alle innbyggjarar er pålagde å følgja den renovasjonsordninga som gjeld i regionen.

Me veit at god informasjon er avgjerande for at du som abonnent skal kunne gjera ein god jobb. Difor har me samla litt stoff me meiner er viktig for deg som er ny, enten som fastbuande eller som hytteeigar. Utfyllande info finn du under Hushald og Hytte og i Innsamlingsforskrifta og Gebyrforskrifta.

Det er heimelshavar som må tinga abonnement, og som får faktura. Er du leigetakar, vert tinging og endring av abonnement eit tilhøve mellom deg og heimelshavar. Du kan likevel kontakta oss for spørsmål om ordninga.

Val av abonnement

Vår tanke er at det skal løna seg å tenkja miljø, dvs. produsera minst mogeleg avfall. Sjølvsagt varierar avfallsmengda etter tal på medlemer i husstanden, men me finn òg store skilnader mellom relativt sett like hushald. Det abonnementet flest hushald har, er småhushald med henting av restavfall og papp, papir og plast ein gong i månaden og bioavfall annankvar veke. Normalhushald har henting av rest- og bioavfall annankvar veke og papp, papir og plast ein gong i månaden. Begge desse abonnementa har 140 liter behaldarar. Storhushald har same hentefrekvens som normalhushald, men 240 liter behaldararar for restavfall.

Alle abonnementa gjev høve til å kompostere bioavfallet sjølv. Du må då inngå avtale med IHM, og du får reduksjon i renovasjonsgebyret. Ved førstegongskjøp av kompostbinge kan du òg få tilskot frå BIR Voss Hardanger. Les meir om kompostering her.

For tinging av abonnement og dunkar, send inn skjema. Har du spørsmål, ta kontakt med BIR Voss Hardanger på tlf. 56 52 99 00. Du får òg ei startpakke med bio-bøtte (20 liter), rull med sekk til innsamling av plastemballasje, tømmekalender m.m.

Anna avfall som det ikkje er henteordning for, må du levera ved returpunkt eller til gjenvinningsstasjonen. Elektrisk- og elektronisk (EE)-avfall kan òg leverast til forhandlar.

Hytteeigarar må levera vanleg hushaldsavfall i hyttecontainerar, sjå oversyn over plasseringar. Større gjenstandar, EE-avfall, avfall frå bygge- og riveprosjekt og farleg avfall, må leverast til gjenvinningsstasjonen eller til forhandlar (EE-avfall).

Sjå òg Utdrag frå kommunal forskrift om betalingsregulativ for gebyr etter forureiningslova

Det er eit eige skjema for Søknad om fritak for renovasjon.

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss