BIR Voss Hardanger støttar småbarnsforeldre som vel å nytta tøybleier med ein eingongsum på inntil kr 1250 kroner, avgrensa til 50 % av kjøpesum ved kjøp av nye tøybleier.
Døme 1: Kjøper du tøybleier til kr 1500,- får du kr 750,- i tilskot av BIR Voss Hardanger
Døme 2: Kjøper du tøybleier til kr 2500,- får du kr 1250,- i tilskot av BIR Voss Hardanger
BIR Voss Hardanger gir tilskot til kjøp av nytt utstyr ( ikkje brukt )
Krav til kvittering:
* Innsendt kvittering skal dokumentere at det er kjøpt inn produkt som BIR Voss Hardanger gjev tilskot til. Produktet må vera betalt før søknad er sendt inn. Vippsbetaling utan komplett kvittering og kvitteringar der det er uklart kva produkt som er kjøpt inn, blir avvist.
* Søknad med kvittering som ikkje oppfyller dokumentasjonskrava blir avvist.
* Kvittering må ikkje vera eldre enn 1 år.
Me gir tilskot til:
Brettebleier, formsydde bleier, brillebukser/sperrelag/lommebleier,innlegg/kluter til bleier, alti i eitt/to bleier.
Me gir ikkje tilskot til:
Næringsdrivande, forbruksmateriell som f.eks rispapir, lanolinolje/ullkur og ullsåpe, strikkeoppskrifter, garn til sjølvstrikk, strikkepinner etc, frakt på produkt.
Krav:
Private søkjarar, søkjar må vera busett i BIR Voss Hardanger kommune, det vert gitt tilskot per barn (eingongstilskot), kvittering må ikkje vera eldre enn 1 år.
Fyll ut skjemaet og trykk på send. BIR Voss Hardanger tek kontakt dersom me treng fleire opplysningar.