Skriv ut og signér Søknadsskjema_fritak.pdf viss du vil søkja om fritak for renovasjon. Ta med eller send søknadskjemaet til BIR Voss Hardanger, eller ta kontakt for meir informasjon.
Utdrag frå kommunal forskrift om betalingsregulativ for gebyr etter forureininslova §34:
2.3 Vedtak om endring av gebyr vert gjort gjeldande frå fyrste heile månad etter at BIR Voss Hardanger har motteke fullstendig søknad/melding om endring (poststempeldato).
2.4 Vedtak om fritak for renovasjon og tilsvarande gebyr gjeld i inntil 2 år. Minst to månader før vedtaket går ut, kan det søkjast om forlenging av fritaket med inntil to nye år. Dersom BIR Voss Hardanger ikkje har fått søknad om forlenging innan fastsett tidsfrist, vert gebyret automatisk justert til normalt gebyr.
3.1 Bygg som står tomme i minst eitt år kan, etter søknad, få fritak for renovasjon og tilsvarande gebyr. Fritaket vert gjeve i samsvar med pkt. 2.3, 2.4 og 2.5
3.2 Grunnlag for varig fritak: Bueiningar som er gått tapt/rivne. Bueiningar til nedfalls. Eininga gjev ikkje lenger rom for kvile og høve til matstell, og kan ikkje setjast i bebueleg stand. BIR Voss Hardanger føretek ei konkret vurdering om kriteria er oppfylte. Fritaket vert gjeve i samsvar med punkt 2.3 og 2.4