IHM har byta navn til BIR Voss Hardanger AS

Frå 01.06.2023 vart IHM ein del av BIR AS. IHM blei eit dotterselskap til BIR AS og endra namn til BIR Voss Hardanger. 

BIR AS er eit av Noregs største renovasjonsselskap, og er ansvarleg for avfallshandtering til over 365 200 innbyggjarar i sju eigarkommunar. Selskapet tilbyr òg avfallsløysingar for næringslivet. 

BIR AS er eigd av kommunane Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Kvam, Osterøy, Øygarden, Samnanger og Vaksdal. Alle eigarkommunane med unntak av Øygarden, har tildelt BIR ansvaret med dei lovpålagde oppgåvene knytt til handtering av avfall frå hushaldningsabonnentane som bur i kommunane. Frå 01.06.2023 er Eidfjord, Ulvik og Voss medeigarar av BIR AS.

Bakgrunnen for samanslåinga er auka moglegheiter for begge partar og eit steg vidare for avfallshandtering på Vestlandet. IHM og BIR har kvar for seg jobba godt med å tilby innbyggjarane gode løysingar for avfallshandtering. I framtida vil dette tilbodet bli enno betre med tanke på ein felles plattform for moderne utvikling i bransjen.

Avfallselskapa har i dag mange krav, både nasjonale og EU- krav. I åra som kjem vil det bli strengare krav til sortering av avfall i heimane våre. EU sine mål for auka gjenvinning av  hushaldningsavfall og næringsavfall er at 55 % skal materialgjenvinnast i 2025, 60 % innan 2030 og 65 % innan 2035. Samanslåinga vil styrkja eigarkommunane våre i møte med desse krava. Eit større selskap gjev oss betre høve til stadig å utvikla nye og betre løysingar og tenester, både økonomiske og miljøsmessig. Fleire avfallstypar kan nyttast lokalt og regionalt og me kan no bruka råvarene på ein god måte, til det beste for miljøet og samfunnet. Eit godt døme på at dette allereie er i gang, er arbeidet med å etablera eit felles anlegg for behandling av matavfall for regionen. Dette arbeidet vil kunna gje nye moglegheiter for fleire verksemder lokalt. 

Det er viktig for IHM og BIR å presisera at samanslåinga ikkje vil ha noko praktisk betydning for hushalds- og hytteabonnentar i tidlegare IHM. Både innsamlingsruter og gjenvinningsstasjonar er som før. Ynskjer ein kontakt med BIR Voss Hardanger er kundesenter som tidlegare. 

BIR Voss Hardanger ser no fram til vidare samarbeid med våre nye kollegaer i BIR. Saman skal me skapa eit innovativt og robust avfallsselskap på Vestlandet til beste for innbyggjarane.

 BIR SMILEY slagord CMYK nynorsk

BIR sin visjon er å vera Vestlendingane si eiga miljøbedrift. BIR ynskjer å etablera tette band med innbyggjarane i BIR-kommunane og synleggjera at BIR er både viktig og nyttig for samfunnet. Som eit av mange tiltak for å nå visjonen har BIR  laga slagordet  "Saman for ei god sak". BIR  kan ikkje klara å bli Vestlendingane si eiga miljøbedrift åleine. I BIR arbeider me for å finna dei gode miljø- og avfallsløysingane for abonnentane våre. Dette vil påverka abonnentar og kundar positivt. Resultatet vert at alle arbeidar saman for ei god sak - eit betre miljø!

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss