Me har samla svar på ein del spørsmål som me ofte får. Kikk gjerne innom Ofte stilte spørsmål viss det er noko du lurer på, men me er her for å svara utfyllande viss du ringjer, sender e-post. eller brukar kontaktskjemaet eller chat'en som du finn nede på nettsida.
-
Kontakt direkte med ein av dei tilsette?
Her kan du finna oversikt over alle tilsette i BIR Voss Hardanger, med telefon og e-post.
-
Kvar finn eg ulike søknadsskjema?
BIR Voss Hardanger har utarbeidd eigne skjema for Oppretting/endring av abonnement, Bestillingsskjema for containerutleige, Søknadskjema for tøybleier, Basiskarakterisering for avfall til deponi (næring) og Avtaleskjema for kompostering.
-
Ekstra sekker?
Treng du ekstra sekker til levering av restavfall eller plastemballasje? Sjå på denne sida korleis du skaffar dette
-
Korleis kan eg få fritak for renovasjonsavgift?
Fritak for renovasjonsgebyret kan du berre få etter søknad, dersom bustaden står tom i minst eit år. Dersom du har husvære for utleige kan du og få fritak frå gebyret dersom du går over til å nytta heile huset sjølv. I begge desse høva må avfallsdunkane leverast inn til BIR Voss Hardanger. For å få fritak må du senda inn ein søknad til BIR Voss Hardanger. Last ned Søknadsskjema for fritak av ordinær renovasjon. Ver obs på at fritaket ikkje har tilbakeverkande kraft, og BIR Voss Hardanger må ha søknaden i hende før den termin det vert søkt fritak for.
-
Korleis bestiller eg container?
Ta kontakt med BIR Bedrift https://birbedrift.no
Besøksadresse:
Bjørkemoen 60, Voss
Postadresse:
Postboks 161, 5701 VOSS
Sentralbord:
56 52 99 00
man-fredag kl 09.00-15.00
E-post: