Featured

Matavfallsdunk frå brunt til grønt lok

 

 Grone lok matavfallsdunkFramover vil både abonnentar og kundar som treng ny dunk til matavfall få dunk med knallgrønt lok.

Utskrifting av dunkar vil skje over tid, det vil ikkje vera rett å skrota dunkar som i dag har brunt lok når dunkane fortsatt fungerer som dei skal.
Så har du matavfallsdunk med brunt lok som er i orden, skal du framleis bruka denne.
Her syner vår kollega Birthe fram korleis dunken med grønt lok ser ut.
 
 
 
Kvifor tenker du kanskje?
Det har blitt laga ein nasjonal standard for kva symbol og farge som skal brukast for sortering. På denne måten skal det vera det same kvar du bur i landet. Nabolanda våre har òg byrja ta i bruk symbola. Er du t.d på campingferie i Danmark skal du kjenna att symbola, noko som igjen bidreg til rett kjeldesortering.
Dei same symbola finn du òg på emballasje for at det skal bli enkelt å forstå kvar du skal kasta avfallet.
Ei felles merkeordning for avfall i Noreg er etterlengta og eit godt steg i rett retning for å gjera det enklare for forbrukarane å kjeldesortera rett.

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss