Krav til avfallsprodusent

Det vert stilt krav til avfallsprodusent som leverer avfall direkte til deponi. Avfallet skal basiskarakteriserast med omsyn til innhald (avfallsforskrifta, kap. 9). Kundar som leverer avfall direkte til deponi må gjennomføra ei slik karakterisering.

Avfallsprodusent er ansvarleg for å vita kva avfallet inneheld av mogeleg forurensing. Desse opplysningane skal leverast BIR Voss Hardanger ved kvar leveranse.

Merk at basiskarakteriseringa skal godkjennast av BIR Voss Hardanger før deponering.

For dei av våre kundar som leverer avfall til komprimatorbil, eller blanda avfall til sortering, gjeld ikkje kravet om basiskarakterisering. Vert avfallet handsama eller sortert av BIR Voss Hardanger, er det BIR Voss Hardanger som vert rekna som avfallsprodusent.

BIR Voss Hardanger kan i dag deponere avfall i tre kategoriar:

  1. Ordinært avfall: Hovudkravet er at avfallet ikkje inneheld farleg avfall. Sjå kapittel 11 i avfallsforskrifta.
  2. Inert avfall: Kravet er at avfallet ikkje inneheld farleg avfall, og at utlekkingseigenskapane ikkje går over verdiane gitt i vedlegg II til kapittel 9 i avfallsforskrifta
  3. Farleg avfall som er stabilt og ikkje reaktivt: Må og tilfredsstilla grenseverdiane i punkt 2.3.1 og 2.3.2 i vedlegg II.

Avfall som skal deponerast som ordinært avfall skal ha hatt ei form for handsaming. Sortering er eit døme på dette. Einsarta fraksjonar skal ikkje verta ureina under produksjonsprosessen.

Krava til karakterisering heng saman med kva type prosessar som skaper avfallet. Vanleg restavfall har mindre krav enn når det til dømes er kjemiske prosessar som skapar avfallet.

For meir informasjon om basiskarakterisering, sjå:

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss