Sortering på arbeidsplassen

KJELDESORTERING

God avfallsbehandling dreier seg om langt meir enn å verta kvitt avfallet. Regelverket vert stadig strengare og meir omfattande, samstundes som det vert stilt krav til praktiske og økonomiske løysingar.

Med unntak for farleg avfall, Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) og matavfall (våtorganisk avfall), er det lite spesifisert korleis deler av næringslivet skal sortera avfallet. Nokre bransjar, t.d. bygg- og anleggsbransjen, har særskilde krav til avfallsplanar og handtering. Les meir om krav til bygg- og anleggsbransjen her. Generelt for næringslivet heiter det i forurensingslova (§32) at: "Næringsavfall skal bringes til lovlig avfallsanlegg..."

MILJØ

For mange verksemder er fokus på miljø ei viktig brikke i arbeidet med å byggja eit positivt omdøme, og å ta samfunnsansvar. Ved kjeldesortering tek ein vare på ressursane når dei går inn i kretslaup, og reduserar klimautslepp og sparer jomfrueleg råstoff. Fleire og fleire verksemder ynskjer òg å miljøsertifisera seg, og det vert m.a. stilt krav om kjeldesortering og miljøvenleg avfallshandsaming.

ØKONOMI

Avfallshandtering kan vera kostbart, og kjeldesortering kan vera ein effektiv måte å få kostnadane ned på. Blanda avfall har ein høg pris ved levering, medan sorterte avfallstypar er rimelegare eller i fleire høve gratis. Det er difor god økonomi i å kjeldesortera. 

Les meir om sortering (for privathushald) i vår sorteringsguide.

BIR Voss Hardanger-IMG_6815skalert

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss