Frå 1. januar 2023 pliktar alle arbeidsplassar å kjeldesortera matavfall og plastavfall. Alle norske offentlege og private bedrifter og institusjonar som produserer hushaldningsliknande avfall vert berørt.
Det nye kapittelet i avfallsforskrifta, kapittel 10A, er vedtatt for å sikra at avfallsressursane blir utnytta, materialgjenvunne og brukt som råvare i nye produkt som del av ein sirkulær økonomi.
Kjeldesortering på alle arbeidsplassar
Endringa medfører at ein ikkje lenger kan kasta avfallet i ein behaldar som restavfall. Plastavfall og matavfall skal kastast i eigne behaldarar, som vidare skal leverast til gjenvinning.
Det er den enkelte bedrift sitt ansvar at matavfall og plastavfall blir kjeldesortert. Dersom di bedrift er omfatta av endringa og du har plastavfall som folie, emballasje, flasker, kanner, brett og liknande, må du ha ei løysing for dette. Det gjelder òg om bedrifta har matavfall frå t.d kantine, tilberedning av mat eller matvarer som t.d. har gått ut på dato.
Praktisk løysing for di bedrift
Heldigvis finst det gode og enkle løysingar som sikrar at dei nye krava vert ivaretatt. Det er enkelt å koma igang med sortering av både matavfall og plastavfall.
Ta kontakt
Ynskjer du eller di bedrift hjelp til å koma i gang? Ta kontakt, så vil me hjelpa med å kartleggje moglegheiter og behov.
Kontaktinfo:
Bjarte Nedkvitne e-post:
Omar Ahmad e-post:
Kine Røssland e-post:
Du kan og nytte skjema https://www.bir.no/kontakt