Nye symbol for avfall skal få fart på sorteringa

Nye symbol for avfall skal få fart på sorteringa

Nye nasjonale avfallssymbol er snart i bruk i BIR Voss Hardanger sitt område.

Nasjonale avfallsymbol

Den nye ordninga skal gjera det lettare for innbyggarane. Ein vil møte like avfallssymbol på jobben, gjenvinningstasjonen, om ein er på hytte i annan kommune og ellers på produkta ein kjøper i butikken. Det skal vera enkelt og intuitivt å handle miljøvennleg i kvardagen. Ei felles merkeordning for avfall i Norge er etterlengta og eit godt steg i riktig retning for å gjera det enklare for forbrukarane å kildesortera rett.

Innbyggarane i alle dei nordiske landa vil møte dei samme symbola på tvers av landegrenser. Det er forslag om lik felles ordning i EU. 

I tillegg vil ein kjenne igjen lik merking på emballasje. Produsentane er alt i gang med å få symbola på plass. Ein vil då kunne sjå merkeordninga frå emballasje til ut i dunken. 

Ny ordning skjer ikkje over natta. Det seier seg sjølv at ein kan ikkje hente inn alle matavfallsdunkar med brunt lok fordi det no skal vera grønn farge. For innbyggjarane i BIR Voss Hardanger sitt område vil det bety ei gradvis tilnærming til den nye ordninga.

Du finn alle dei nye sombola her : https://sortere.no/avfallssymboler?fbclid=IwAR2bHmbeGuWk-DcmEfZIyaELWMGyPdmCZvMytkwr17L-ZdL5JVoD_76JZyA#toggle-id-7

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss