BIR Voss Hardanger - Partnar for arrangørar

BIR Voss Hardanger - Partnar for arrangørar

BIR Voss Hardanger ser det som ei viktig oppgåve å vera med på å utvikle dei naturlege ressursane i regionen, og naturlege satsingsområde er reiselivsnæringane og primærnæringane. Hardanger– og vosseregionen er ei nasjonal naturperle med sterke kulturelle særpreg der verksemd og aktivitet knytt til desse særtrekka har lange tradisjonar.

Med dette utgangspunktet har det mellom anna vore naturleg for BIR Voss Hardanger å samarbeida med arrangement og festivalar som vert skipa til i kommunane. Målet er å ta vare på ressursane og syte for den reine opplevinga!

NM i nordiske greiner på Voss i 2012 vart m.a. tildelt med lovnad om at det skulle setjast fokus på miljø og klima i planleggingsfasen og under gjennomføringa av meisterskapen. Les meir på pdfRein Oppleving SkiNM 2012.

Voss Cup, Noregs største fotballturnering for born mellom 6 og 12 år (over 700 lag) har som målsetnad å vera den reinaste cupen i landet, med god hjelp av BIR Voss Hardanger.

Arrangement og festivalar som BIR Voss Hardanger støtter må ha ein tydeleg miljøprofil. Det er sjølvsagt at arrangementet har kjeldesortering og elles gode ordningar for avfallshandsaminga, slik at alle får ei rein oppleving. Men miljø vert og vektlagd i langt vidare perspektiv m.a. med omsyn til transport, servering, emballasjebruk, premiar, gjenbruk, estetikk o.s.b. BIR Voss Hardanger bidreg gjerne med tips og idear om korleis ein kan tilretteleggje eit miljøvenleg arrangement. Me kan og bidra i prosessar med miljøsertifisering, om dette er ønskjeleg. Les meir om Miljøfyrtårn.

Elles støttar BIR Voss Hardanger klubbar og lag i regionen. Kultur- og idrettsaktivitetar som byggjer identitet, skapar gode haldningar og syter for "råstoff" til framtidige festivalar og arrangement og som sikrar den reine opplevinga!

For den som vil læra om korleis store arrangement som Øyafestivalen kan vera ein miljøvenleg festivalarrangør, les Miljøhandboka.

 

BIR Voss Hardanger-IMG_6846-banner-skalert

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss