ISO - sertifisering

SERTIFISERING ETTER ISO 9001, ISO 14001 OG ISO 45001

System for Kvalitetsstyring, Miljøstyring og System for arbeidsmiljø

Frå liten til stor

BIR Voss Hardanger har vore gjennom ein fase frå liten og oversiktleg organisasjon til ein organisasjon som i dag tel 32 fast tilsette. Samstundes er det knytt fleire leverandørar til verksemda gjennom kontraktar.

BIR Voss Hardanger handsamar òg store mengder farleg avfall kvart år. Dette set strenge krav til tryggleik med omsyn til arbeidsmiljø og kundar me tek imot. Vidare set det strenge krav til dokumenthandsaming. For ytre miljø har BIR Voss Hardanger m.a. konsesjon frå styresmaktene på drift av BIR Voss Hardanger sitt avfallsmottak. Det er difor naturleg at det vert arbeidd målretta for å få på plass gode styringssystem for kvalitets- og miljøstyring, og for arbeidsmiljøet.

Miljø

Denne standarden set krav til eit miljøstyringssystem som gjer at organisasjonen kan utvikla og setja iverk politikk og mål som tek omsyn til lovbestemte krav og informasjon om vesentlege miljøaspekt.

Arbeidsmiljø

Denne standarden set krav til eit styringssystem for arbeidsmiljø som gjer at organisasjonen kan utvikla og setja iverk politikk og mål som tek omsyn til lovbestemte krav og informasjon om arbeidsmiljørisiko.

ISO 9001:2015

ISO 14001:2015

ISO 45001:2018

 

IQNet MSYS001 norsk

BIR Voss Hardanger

Bjørkemoen 60, Voss
Postboks 161, 5701 Voss
Telefon 56 52 99 00
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Facebook    Instagram

IQNet MSYS001 norsk 300

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Eidfjord

Eidfjord

Kommunevapen BIR Voss Hardanger Ulvik

Ulvik

Kommunevapen BIR Voss Hardanger NyeVoss2

Voss