Å ta vare på ressursane i avfallet er ein viktig del av BIR Voss Hardanger sin filosofi. Under kan du lesa om korleis kvar enkelt avfallstype vert handsama og kva det vert til.
Å ta vare på ressursane i avfallet er ein viktig del av BIR Voss Hardanger sin filosofi. Under kan du lesa om korleis kvar enkelt avfallstype vert handsama og kva det vert til.
Vert levert til BIR i Bergen for optisk sortering og balling. Herfra går papirråstoffet vidare til ulike anlegg. Mellom andre Norske Skog sitt anlegg i Skogn. Norske Skog er verdas nest største produsent av avispapir og verdas tredje største produsent av magasinpapir. Selskapet har hovudkontor i Noreg og fabrikkar i 14 land over heile verda. Produksjonskapasitet på cirka 6,5 millioner tonn papir i året.
Vert hovudsakleg levert til Norscrap West på Hanøytangen, Askøy. Blanda skrapmetall vert så sortert i ulike metalltypar og sendt til materialgjenvinning ulike stadar. Det meste av metallet vert gjenvunne i Mo i Rana.
Farleg avfall som til dømes kjemikal, batteri, gass og sprayboksar vert send til samarbeidspartnar i Bergensområdet. Der vert dei send vidare i større lass til gjenvinningsaktørar. Batteri til dømes, vert send til Batteriretur. Batteria vert demonterte og komponentane gjenvunne.
Avtale med Materialreturselskapet Grønt Punkt Norge (GPN). Plastemballasje frå hushald vert levert via Grønt Punkt til ulike mottakarar m.a. i Tyskland for sortering. Plastfolie frå næring og lanbruksplast vert levert til Folldal Gjenvinning. GPN garanterer at 75% av den innsamla plasten går til materialgjenvinning, og vert til nye produkt som møblar, leiker, fleece-klede, bereposar m.m. Plast av dårleg kvalitet erstattar olje og kol som brensel i industrien.
Vert levert til Sirkel AS. På Onsøy utanfor Fredrikstad, driv Sirkel eit av verdas mest moderne anlegg for gjenvinning av glas- og metallemballasje. Gjenvunne glas vert råstoff til ny glasemballasje og nye produkt som glava isolasjon, glasopor, skumglas og glasbetong. Resirkulert metall og aluminium vert selt til smelteverk i Noreg eller eksportert, og vert til fly-, bil-, og sykkeldelar, spikar, binders, hermetikkboksar og andre produkt av metall. Råstoffet har same høge kvalitet som heilt nytt materiale.
Vert levert til Materialreturselskapet RENAS og NorSirk. Produkta vert demontert, og miljøgiftene vert tekne hand om på forsvarleg vis. Kjøleskåp vert tappa for drivhusgass, metall som kopar, gull, sølv og palladium vert seld som nye råvarer. Plasten vert sendt til materialgjenvinning eller energiutnytting. Rundt 85% av det behandla avfallet går til materialgjenvinning eller ombruk. Lysstoffrøyr går til anlegg for elektronikkgjenvinning der kvikksølv, bly og andre tungmetall vert fjerna, og sendt vidare til gjenvinning.
Klede levert i innsamlingscontainer vert henta av Fretex og går til ombruk og gjenvinning.
Restavfallet BIR Voss Hardanger tek i mot og samlar inn vert ved hjelp av avfallsmeklar seld i marknaden som drivstoff til forbrenningsanlegg med fjernvarme og straumproduksjon. Det er eit krav at anlegga skal ha minimum ei energiutnyttingsgrad på 65%.
Vert kverna av BIR Voss Hardanger og omsett i marknaden ved hjelp av avfallmeklar. Forbrenning skjer på ulike anlegg.
Hageavfall kan du enkelt kompostere i din eigen hage, men det kan òg leverast til miljøstasjonen. Hageavfallet vert kverna og kompostert ved BIR Voss Hardanger. Den ferdige komposten kan private abonnentar henta på Bjørkemoen. Ta kontakt med BIR Voss Hardanger for å høyre om det er ferdig kompostjord.
Matavfall vert omlasta på Bjørkemoen og køyrt vidare til biogassbehandling. Matavfallet vert idag handsama av Greve biogass.