Kva er ei personopplysing?
Personopplysingar er opplysningar som kan knyttast til deg som enkeltperson. Dømer på dette er namn, telefonnummer, adresse og i nokre tilfelle IP-adresse. Du kan vitja datatilsynet sine nettsider for ei utfyllande oversikt på dette.
For er det oss viktig at du skal kunne vita kva personopplysingar me har om deg og korleis me ivaretek ditt personvern.
Den nye personopplysingslova
20. juli 2018 vart den nye personopplysingslova i Noreg gjeldande. Denne omfattar reglar i EU si forordning om personvern GDPR (General Data Protection Regulation). Denne lova erstattar tidlegare lovverk som BIR Voss Hardanger har vore omfatta av.
Personvernerklæring og handsamingsansvar
Personvernerklæringa
Dette dokumentet har til hensikt å gje deg informasjon om kva personopplysingar BIR Voss Hardanger samlar inn, enten aktivt eller passivt, korleis dei vert handsama og korleis me ivaretek ditt personvern jamfør personvernforordninga artikkel 5, 12, 13, og 14.
Kven er personvernerklæringa for?
Personvernerklæringa gjeld alle BIR Voss Hardanger sine abonnentar, kundar, tilsette og andre partar knytt til BIR Voss Hardanger.
Handsamingsansvar
BIR Voss Hardanger er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Eidfjord, Ulvik og Voss. Selskapet har eit sjølvstendig ansvar for korleis personopplysingar vert handsama. Det er dagleg leiar som har det overordna ansvaret for at reglar om internkontroll og informasjonssikkerheit vert etterlevd.
Personopplysingar som vert handsama av BIR Voss Hardanger:
Type |
Formål |
Behandlingsgrunnlag |
Namn |
Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver |
Art 6. punkt 1.e) |
Adresse |
Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver |
Art 6. punkt 1.e) |
Telefonnummer |
Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver |
Art 6. punkt 1.e) |
Eigedomsinformasjon |
Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver |
Art 6. punkt 1.e) |
Personnummer | Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver | Art 6. punkt 1.e) |
IP-adresse |
Forbetringsarbeid |
Samtykke |
Personopplysingar om interne personar som BIR Voss Hardanger handsamar:
Type |
Føremål |
Behandlingsgrunlag |
Namn |
Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver |
Art 6. punkt 1.c) |
Adresse |
Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver |
Art 6. punkt 1.c) |
Telefonnummer |
Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver |
Art 6. punkt 1.c) |
Fødselsnummer |
Naudsynt for gjennomføring av våre oppgåver |
Art 6. punkt 1.c) |
Sensitive personopplysingar om interne personar som BIR Voss Hardanger handsamar:
Type |
Formål |
Behandlingsgrunlag |
Helseopplysningar |
Krav om bedriftshelseteneste |
Art 9. punkt 2.b) |
Medlemsskap i fagforeining |
Trekk til fagforeiningskontingent |
Art 9. punkt 2.b) |
Kvar kjem personopplysingane frå?
Eigedomsregisteret (Matrikkelen)
BIR Voss Hardanger innhentar opplysningar om eigar av eigedom frå eigedomsregisteret.
Frå deg
Som abonnent / kunde kan du ta kontakt med BIR Voss Hardanger på telefon, e-post, chat og sosiale medium. BIR Voss Hardanger samlar også namn og adresse når du på gjenvinningsstasjonen ber om å få tilsendt faktura. BIR Voss Hardanger handsamar desse opplysningane i den grad det er naudsynt for å utføra våre tenester.
BIR Voss Hardanger si nettside
IP-adresser kan i nokre tilfelle knytast til enkeltpersonar og er difor rekna som ei personopplysing. BIR Voss Hardanger si nettside brukar berre informasjonskapslar (cookies) som vert sletta når du går ut av nettlesaren, såkalla session cookie. Den har enkle funksjonar som å telja deg som brukar av nettsida. For å hindra at navigering mellom ulike undersider blir registrert som nye besøk, vil denne kapselen fortelja nettsida at det er den same brukaren heile tida. Kapselen kan òg gjera at ein kan navigera tilbake i historikken, som f. eks. kan vera nytting når du fyller ut eit skjema. Dette er såkalla "first-party cookies» som ikkje blir lagra, og då er det ikkje krav om brukargodkjenning i følgje EU-direktivet.
Kameraovervking
BIR Voss Hardanger sitt anlegg på Bjørkemoen på Voss har kamera for overvaking av aktiviteten. Dette systemet lagrar billete i 7 dagar og det som er eldre vert automatisk sletta. Videobilder vert lagra på ein intern server og er ikkje tilgjengeleg frå eksternt nett.
Behandling av personopplysingar
BIR Voss Hardanger personopplysingar i ulike databehandlingssystem. Dette er innkjøpte løysningar som enten lagrar data på ein ekstern server eller på BIR Voss Hardanger sin server. BIR Voss Hardanger har databehandlaravtale med desse leverandørane. Leverandørane sine teknikarar kan ved support ha behov for å logga seg på BIR Voss Hardanger sine system for å gjera feilrettingar. Databehandlaravtalen sikrar at leverandør handsamar personopplysingane på ein trygg måte. BIR Voss Hardanger deler ikkje personopplysingar med annan tredjepart enn dei som er naudsynte for drifting av våre IT system.
Innsyn
Alle personar BIR Voss Hardanger lagrar personopplysingar om har rett på innsyn i kva personopplysingar BIR Voss Hardanger har. Verksemda har plikt til å gje deg innsyn innan 30 dagar frå førespurnad om innsyn er motteken. Brot på denne innsynsretten kan du melda vidare til Datatilsynet. Du har også rett til å krevja sletting av personopplysingane me har, dersom dei ikkje lenger er naudsynte for utføring av våre lovpålagde oppgåver.
Lagringstid
BIR Voss Hardanger skal berre lagra personopplysingar så lenge det er naudsynt for å utføra våre oppgåver. Lagringstida for ulike kategoriar personopplysingar kan variera avhengig av kva dei vert nytta til.
Personvernombod
BIR Voss Hardanger har krav om å oppretta eit personvernombod. Personvernombodet er registrert i Datatilsynet sin database. Kontaktinfo finn du der eller ved å venda deg til BIR Voss Hardanger.