BIR Voss Hardanger har inngått samarbeidsavtale med Kirkens Bymisjon på Voss om innhenting av avfall frå private.
Har ein hatt opprydding i hus og heim eller ynskjer å bli kvitt hageavfallet sitt, men manglar nokon å køyra dette til gjenvinningsstasjonen, då kan ein ta kontakt med Kirkens Bymisjon Voss.
Kirkens Bymisjon har eit arbeidsretta lågterskeltilbod som heiter "I Jobb". Dette er ei arbeidstreningsprosjekt for folk som av ulike grunnar har falle utanfor den vanlege arbeidsmarknaden. Med "I Jobb" ynskjer ein at deltakarane får ein god og innhaldsrik kvardag. Kirkens Bymisjon er ansvarleg for at arbeidarane har gode rammer og rett utstyr for å utføra arbeidet. Kirkens Bymisjon er ansvarleg for utført arbeid, og vil gjera kvalitetskontroll og oppfylging under utføring av arbeidet.
Kirkens Bymisjon skal utføra desse tenestane for BIR Voss Hardanger innanfor Voss herad og det skal ikkje krevjast meir pengar enn det kostar å utføra desse tenestene. Dei kan henta det aller meste, men ikkje det som definert som farleg avfall.
Ynskjer du å bestilla tenesta tar du kontakt direkte til Kirkens Bymisjon Voss på tlf 476 93 912 (måndag - fredag kl 08.00-15.30)