Byggavfall er i dag ein av dei største avfallsstraumane våre. Kvart år oppstår om lag 1,5 millionar tonn avfall frå nybygg, rehabilitering og riving. Ein god del av dette avfallet, som betong, tegl, tre, plast og metall har eit stort potensiale for ombruk, materialgjenvinning eller energigjenvinning. I tillegg inneheld BA-avfall store mengder miljøskadelege og giftige stoff som bromerte flammehemmarar, ftalatar, fluorhaldige gassar, kvikksølv, klorparafinar, PCB og treimpregneringsmiddel.
For å sikre at det farlege avfallet vert teke hand om på ein trygg og sikker måte og at ressursane i avfallet går vidare i kretsløpet, har myndigheitene sett krav til utarbeiding av avfallsplanar i bygge- og riveprosjekt (heimla i byggteknisk forskrift til plan- og bygningsloven (TEK 10 § 9-5 til § 9-9) frå 1. juli 2010). Den som er ansvarleg for bygge- eller riveprosjektet må utarbeide oversikt over avfallsmengder som vil oppstå, og korleis avfallet
skal handsamast. Planen skal lagast før igangsetting og kunne synast ved kommunal kontroll. Etter at prosjektet er avslutta, skal avfallshandsaminga dokumenterast særskild. Sluttrapport skal sendast kommunen i lag med førespurnad om ferdigattest.
Avfallsplan skal utarbeidast for alle rive- og rehabiliteringsprosjekt over 100 m2, nybygg over 300 m2, og der mengda avfall frå anlegg og konstruksjonar overstig 10 tonn. Tiltak som omfattar fleire bygningar, konstruksjonar, eller anlegg, skal vurderast under eitt. For bustader og fritidsbustader med bruksareal under 400 m2, kan miljøsaneringsbeskrivinga utarbeidast ved å nytte eit forenkla skjema . For meir utfyllande rettleiing sjå:
EU stiller krav om at minst 70 prosent av alt byggeavfall skal sorterast og gå til ombruk og materialgjenvinning innan 2020.


